Thomas André Brastad
Thomas André Brastad
Thomas André Brastad skreiv tirsdag under papira som gjer han til Vestnes Varfjell-spelar frå og med 2008-sesongen. 17-åringen kjem frå Tomrefjord, der han trass i sin unge alder var mellom dei viktegaste spelarane sist sesong.


Sportsleg leiar Geir Åge Sylte i Vestnes Varfjell er tilfreds med at underskrifta til Brastad er på plass. Han kan spele både midtbane og forsvar og skåra to mål for Tomrefjord i 5. divisjon i fjor.

Vestnes Varfjell er også ute etter toppskåraren i Tomrefjord, Jørgen Gravdehaug, som skåra 10 mål i fjor. Toppskårar i Fiksdal/Rekdal, Frank Nakken (21 mål), er også på ønskelista og har alt trent med laget. I ønsker Vestnes Varfjell å hente heim sin eigen toppskårar frå 2004-sesongen, Oddgeir Vikås, etter at han forvilla seg inn i Måndalen i fjor.