Også denne sesongen satsar varfjell.no på ein tippekonkurranse der det gjeld å tippe korrekt resultat for alle kampane i årets 4. divisjon. Reglane er som tidlegare, det vil seie at heilt korrekt tips gir flest poeng. I kvar runde må du huske å huke av for ein joker-kamp då denne gir dobbel poengsum. Du kan også tippe rett seriemeister (men i år blir det ikkje esktrapoengsum for den som tippar rett sidan så mange ikkje la inn tips i fjor). Seriemeistertipset legg du inn via "din tippeside" som du finn i sesongmenyen til venstre. Du må vere registrert på varfjell.no for å delta. KLIKK HER FOR Å DELTA! Årets reglar og poengiving:
Heilt korrekt resultat gir 7 poeng og 14 poeng om du har joker.
Rett målforskjell eller uavgjort gir 5 poeng og 10 poeng om du har joker.
Korrekt tendens (H eller B korrekt tippa) gir 3 poeng eller 6 poeng om du har joker.
Heilt feil tips gir 1 poeng for den som har lagt inn tips, 0 for den som ikkje har tippa. Ingen ekstrapoeng ved joker.
Det er muleg å legge inn tips og endre tips heilt fram mot kampstart.
Det er kun muleg å legge inn tips for to runder om gangen.
Det blir ikke tildelt ekstrapoeng for å tippe korrekt seriemeister.
Står fleire tipparar likt ved sesongslutt går seieren til den som har flest rundeseierar, deretter til den som har flest andreplassar osb.