Vestnes Varfjell møter Måndalen til lokaloppgjer i 4. divisjon fredag kveld klokka 18.45 i Vestnes idrettspark. Ute på bana er det venta ein tøff og tett kamp mellom to lag som begge bør ha tre poeng for å henge med i toppen. På tribuna blir det også kamp. Det er venta mange måndalingar til idrettsparken, deriblant fleire frå Måndalen sin supporterklubb "Blautkakesvingen". Heimelaget har vore godt støtta opp av Hegreberget etter at nytribuna kom opp. Blir det blautkakemat på hegrane, eller vil måndalingane gje mest lyd frå seg i år som i fjor? Møt opp og opplev lokalderbyet!