Leikarnes jublar for eitt av sine 299 mål.
Leikarnes jublar for eitt av sine 299 mål.
Bygdebladet hadde onsdag eit lengre intervju med Ronny Leikarnes som er eitt mål unna 300 seriemål og også ligg an til å ta kamprekorden i løpet av sesongen. Her seier spissen mellom anna at han tidlegare har hatt førespurnader frå andre klubbar, men at det berre er Vestnes Varfjell som gjeld. - Eg har likt meg godt og likar meg godt i Vestnes Varfjell, seier Leikarnes til avisa. Han seier også at han ikkje har tenkt å gje seg etter årets sesong:


- Så lenge eg synest det er moro og held meg skadefri er det ingen grunn til å slutte, seier Leikarnes til avisa.

 

Toppskåraren trur laget vil overleve i 3. divisjon, men trur seier i oppgjera heikme mot Måndalen og ÅIF vil vere avgjerande. Vikebuktingen seier han har vore heldig og unngått skader i karriera, men at han måtte gjennom ein meniskoperasjon i vinter. Turar på Vikenakken har vore bra for opptreninga av kneet som fungerer betre for kvar kamp.

 

Leikarnes debuterte på a-laget, utan å skåre (!), borte mot Bjørset på gamle Reknesbanen i 1993. 

 

- Eg var nok litt kjappare før, men som fotballspelar er eg betre no enn då, seier Ronny Leikarnes.

 

Noko spesiell feiring når han har både skårings- og kamprekorden har han ikkje planlagt.

 

- Eg er ikkje oppteken av rekorden, men når eg er så nære vil eg prøve å slå han. Det greier eg i haust om eg held meg skadefri, slår Ronny Leikarnes fast.