Vestnes Varfjell sitt femtedivisjonslag spelte vinterens første treningskamp i Vestnes idrettspark laurdag. Den endte uavgjort 2-2 mot nabo Fiksdal/Rekdal. Andreas Bjermeland og Jonas Torp Årset skåra for heimelaget.

Geir Kjellsvik skåra det eine for gjestane i ein dårleg kamp av begge lag. Laga møter kvarandre også i første seriekamp, men då på Rekdal. Kampen vart spelt under vinterlege forhold med sterk vind og snøbyger, men sjølve spelematta var snøfri.

Vestnes Varfjell mønstra eit lag blanda med nye og gamle heltar, og stilte slik frå start: Ole Marius Sæter, Sveinung Solevågseide, Per Kristian Os Nakken, Øystein Krogset, Odd Kåre Olafsen, Jonas Misund, Olav André Hovde, Lars Jørgen Skjegstad, Svein Erik Lange Male, Thomas Utgård, Andreas Bjermeland. Benytta innbyttarar: Jonas Torp Årset, Elling Olafsen, Jan Tore Eik (ut med strekk etter 5 min), Odd Erik Sandøy, David Brennvik.