{seyretpic id=462 align=center} |
Vestnes Varfjell 2 slo Ørskog 2 4-2 heime i Vestnes idrettspark laurdag. Unggutane Tarjei Bjermeland, Nicolai Sivertsen og Svein Erik Lange skåra kvart sitt mål, medan Innomellom var Ronny Leikarnes frampå og viste at også dei gamle kan vegen til mål. Seriestart i 5. divisjon er heime mot Måndalen 2 onsdag 23. april.
{seyretpic id=460 align=center}{seyretpic id=461 align=center} |
Alle måla til heimelaget kom etter pause. Gutespelar Nicolai Sivertsen sendte av garde eit høgt skot mot mål etter 48 minutt. Ballen dala over Ørskog-målvakta og i mål. Så auka Svein Erik Lange på eit flott frispark frå langt hald to minutt etterpå. Ronny Leikarnes skåra sitt mål etter 71 minutt, før Tarjei Bjermeland avslutta med eit fint skot til 4-2 rett før kampslutt.
Klikk på bilda for å sjå video av tre av måla. Foto: Asbjørn Vik
Ørskog om kampen >>