Fleire asylsøkarar ved det nye mottaket i Åslia har vore på Vestnes Varfjell-trening. - Tre-fire yngre karar har alt begynt på fotballtrening med Vestnes Varfjell. Mottaket tok kontakt med Alexander Connor, som ønska dei hjerteleg velkommen til å trene saman med laget. Dei som har starta å trene med Vestnes Varfjell er i 20-åra, og enda fleire er interesserte i å komme i gang med fotballtrening, seier Vigdis Sunde ved mottaket til Vestnesavisa.
- Det blir til og med snakka om at dei skal starte sitt eige lag
og spele mot Vestnes Varfjell på treninganen, seier Sunde,
som fortel at asylmottaket har fått både fotballsko og
leggbeskyttarar i gåve lokalt.
Også tidlegare har asylsøkarar spelt fotball for
Varfjell. Den første var Mohammed Dunkal. Somaliaren
sk¨ra to mål på 10 seriekampar i 1990.