Frå fjorårets heimekamp mot Midsund.

Midsund er motstandar når Vestnes Varfjell spelar årets siste heimekamp i 4. divisjon laurdag.

Det er samtidig ein svært viktig kamp for heimelaget som nok må ha fleire poeng for å vere sikra spel i 4. divisjon også neste sesong. Akkurat no har laget tre lag bak seg og er på trygg grunn, men det er berre to poeng ned til AK på nest sisteplass. Nettopp AK er motstandar borte i siste kamp.

Midsund kjempar heilt i toppen av tabellen, men mista nok i realiteten sjansen til å gå heilt til topps då dei tapte 1-4 heime mot Daniel Gravdehaug og Træff 2 sist.

Vestnes Varfjell vart også utan poeng borte mot Dahle, men var då utan sterke kort som Oscar Misfjord og Tommy Kanishi. Forhåpetlegvis er begge tilbake laurdag.

Midsund vann heile 7-1 i vårkampen. Tilsvarande oppgjer i fjor endte 1-2.

Møt opp og støtt heimelaget i denne viktige kampen! Avspark i Vestnes idrettspark er klokka 15.

PS: Det er serieavslutning i 5. divisjon fredag. Måndalen/Vestnes Varfjell 2 møter Molde 3 på kgb i Molde klokka 19.30.