Tomrefjord tapte 1-2 mot Valder i ein treningskamp i Vestnes idrettspark søndag. Tidlegare Vestnes Varfjell-spelar og -trenar Cato Andreassen var fornøgd etter første kamp "in charge" for moderklubben Tomrefjord. Han skreiv dette på Facebook etter kampen: "Oki til å være første kamp, 2.omg bedre enn 1.omg.  Men mye positivt å ta med seg videre.  Spennende med et så ungt lag. 17 manns tropp idag, og 13 holder junioralder". Valder var eit av topplaga i 4. divisjon på Sunnmøre i fjor.