Vestnes Varfjell har fått ny trenar for A-laget til 2022-sesongen. Alexander Kenneth Connor tek over etter Ole Håkon Heen Lien som hadde ansvaret i fjor. 44-åringen hadde ei litt tilbaketrukke rolle sist sesong, men har aldri vore heilt borte frå A-laget til Vestnes Varfjell. Med Connor tilbake ved roret har Vestnes Varfjell den desidert mest erfarne trenaren i lokalfotballen på plass. Han har vore hovudtrenar for A-laget til Vestnes Varfjell alle sesongar sidan 2006, berre med ei litt anna rolle i 2015 då Knut Øyvind Hoem var hovuedtrenar og alstå i 2021. I tillegg har han samtidig vore trenar for aldersbestemte lag og for kretslag og Akerakademiet. Ein skade stoppa eit comeback på bana i fjor, men han har likevel rukke å spele 300 kampar for klubben i sitt hjerte. (Foto: Frode Lien)
Alexander Connor tilbake som hovudtrenar!
- Detaljer
- Skrevet av: Nettredaksjonen
- Kategori: Nyheter