"Dette var irriterande. Gutane hadde verkeleg fortent ein seier. Dei spelar til tider veldig bra, og med unntak av enkelte periodar, har vi relativt god kontroll på kampen. Så det er veldig bittert at poengtapet kjem så seint i kampen. Men som tidligare i år, så slit vi med effektiviteten. Vi har fleire store sjansar i løpet av kampen, samt sjansar nok også etter scoringa til å avgjere kampen. Ikkje minst har vi ei heading som keeper reddar meisterleg, for ikkje å snakke om ein dobbelsjanse 15 min før slutt som garantert ville ha sikra oss 3 poeng.
Sjølv om denne kampen var jamnare ein fleire av dei andre vi har spelt i år, føler vi at vi nok ein gang var uheldig som ikkje vann ein slik "type" kamp. Men slik er det visst i år, vi skal gjere det tungvint. Men vi skal jobbe hardt i sommar og til hausten skal vi snu denne "uheldige" trenden. Men dette har også med å halde fokus og vere bevist på arbeidsoppgåvene våre. Vi kan ikkje skulde på uflaks heile tida, vi må bli betre i dei avgjerande delane av spelet.
Vi skal avslute vårsesongen på tysdag borte mot Dahle 2. Dette blir nok ein vanskeleg kamp, men dersom vi spelar med same innsatsvilje og entusiasme som mot KFK, og vi endeleg får litt flaks, skal vi klare å hente heim 3 poeng frå Nordmøre."