Averøykameratene, som tok den siste plassen i neste års 3. divisjon eitt poeng før Vestnes Varfjell, satsar stort. Ei rekke forsterkingar er på veg til Bruhagen, der Leo Totev er henta heim frå KBK som spelande hjelpetrenar. AK skal til Tyrkia på treningsleiar i vinter. Divisjonskollega Gossen har fått på plass 1,5 millionar kroner frå kommunen til bygging av overbygd tribune med garderober på Riksfjord. To klubbar i Fræna har fått ny trenar i førjulsgåve:  

 

IL Bryn, som måtte ta steget ned i 5. divisjon denne sesongen, har fått på plass ny trenar. Frank Robert Berget skal trene laget frå Skotten tilbake til gamle høgder.

 

Også Ekko/Aureosen har fått ny trenar i André Hoem Hansen. Ekko-bloggen melder også at Kai Sildnes går frå Elnesvågen til Eide og at Kurt Mørkøre held fram som trenar i Elnesvågen.

 

Dahle og TK melder i dag at moldensaren Rune Hoem held fram som trenar for bydelsklubben. 

 

Vestnes Futsal har ny blogg der dei presenterer spelarane til årets juleturnering. Både Johnny Nerbø og Bjørn-Vegard Løvik er klare for laget.

  

På Sunnmøre har Bergsøy henta spelarar frå Litauen, den eine med landskampar. Alltid oppdaterte Norborg.com har ein oversikt over spelarovergangar på feil side av Ørskogfjellet.

 

Kjenner du til nytt frå lokalfotballen? Nøl ikkje med på bruke kommentarfeltet under for å fortelje andre om det.