Vestnes Varfjell spelte 2-2 mot Åndalsnes i ein framskoten kamp i 4. divisjon 16. mai. Gjestane tok leiinga på frispark frå langt hald der Thomas Westrum Pedersen fekk ballen fordi keeper etter litt fram og tilbake føre mål (sjå video her). Magnus Nerheim utlikna like før pause då han drog seg fri på kanten og avslutta med eit flott skot forbi den tidlegare toppkeeperen Per Magne Misund i gjestane sitt mål (sjå video her). Same Nerheim sendte vertane i føringa på heading etter ein Vegar Skare-corner i andre omgang (sjå video her), men Åndalsnes slo tilbake og utlikna på skot ved Torkil Høgset som lurte seg forbi keeper (sjå video her). Det eine poenget var nok til å sende Vestnes Varfjell til topps på tabellen med ein kamp meir spelt enn dei andre laga. Laga veksla på å ha føringa og uavgjort var greit ifølge livdekninga til Åndalsnes som du kan sjå her. Kampfakta og fleire bilder under:
Kampfakta:
Vestnes Varfjell - Åndalsnes 2-2 (1-1)
Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal
Torsdag 16. mai 2013 kl 19
Vestnes idrettspark, 60 tilskuarar
Mål:
0-1 (32) Thomas Westrum Pedersen
1-1 (45) Magnus Nerheim
2-1 (55) Nerheim
2-2 (66) Torkil Høgset
Dommar: Ole Petter Kristiansen, Bryn
Gult kort: Svein Erik Lange Male, Vestnes Varfjell
Vestnes Varfjell (4-3-3): Thomas André Brastad; Ørjan Tangen, Svein Erik Lange Male, Jo Sigurd Vold, Magnus Nerheim - Yngve Solevågseide (Kevin Gravdehaug 84.), Nirut Mjøs, Vegar Skare - Elling Olafsen (Ole Gunnar Kjærstad 46.), Amund Stavem, Tommy Kanishi Andreassen