Ronny Leikarnes mot Midsund for to år sidan (Foto: Kai Magne Stokkeland)
Frå kampen i 2008.
Vestnes Varfjell skal ut i vanskeleg bortekamp i 4. divisjon i kveld når laget gjestar Midsund stadion. Begge lag har 10 poeng. Midsund har skåra flest mål i divisjonen så langt med 19 og har målfarlege spissar i veteranen John Arne Øien, polske Arec Gosic og unge Simen Tangen. Vestnes Varfjell vann 4-0 sist laga møtte kvarandre for to år sidan. Midsund har ikkje noko oppdatert om A-laget på nettsida si, men lokalavisa Øyavis skriv mellom anna dette om laget:


"Midsund har kvalitetar i laget som gjer at dei bør hevde seg godt i årets 4. divisjon. Det var tydeleg at midsundtrenar Bjarne Stormyr har lagt vekt på at Midsund skal vere eit "spelande" lag. Og Midsund har mange teknisk gode spelarar som kan bidra til at laget spelar attraktiv fotball", skreiv avisa etter at Malmefjorden vart slått 7-2 i første kamp. 17 år gamle Simen Tangen skåra tre mål i denne kampen og han blir omtalt som ein konstant trussel mot Malmefjorden sitt forsvar med si enorme fart.

"Nøkkelspelarane frå dei siste sesongane som John Arne Øien, Ingemar Misund, Johnny Godø, Joakim Stormyr og Arec Gosic er framleis med og vil vere viktige spelarar om laget skal rykke opp", meiner Øyavis.