Tommy Kanishi Andreassen
Tommy Kanishi
Tommy Kanishi Andreassen har trent med Træff i vinter og var ønska av 3.-divisjonsklubben frå Molde vest. - Me har hatt ein dialog med Tommy, og han har no gitt beskjed om at han vil spele for Vestnes Varfjell også i 2010-sesongen. Det er me veldig glade for. Tommy blir ein av våre viktegaste spelarar i kampen om opprykk tilbake til 3. divisjon, seier sportsleg leiar Geir Åge Sylte til varfjell.no.

 

Vestnes Varfjell har dermed heile stallen intakt etter nedrykket. I tillegg er Tore Akselsen venta tilbake frå skade, noko som vil styrke laget.

 

- Slik det ser ut no er det ingen nye spelarar på veg til klubben, seier Geir Åge Sylte.