Skare skyt overVestnes Varfjell tapte 1-2 mot Dahle i Vestnes idrettspark fredag. Heimelaget hadde sjansar nok til å avgjere kampen i første omgang, men vart i staden hardt straffa for personlege feil etter kvilen. Jøran Sandøy sendte gjestane i leiinga tidleg i omgangen. Svein Erik Lange Male utlikna til 1-1 på straffespark, men Jøran Sandøy avgjorde for Dahle med ei ny skåring like etterpå.
VarfjellTV: 1. omgang | 2. omgang | Bildegalleri | Dahle om kampen


{seyretpic id=1342 align=right}Alt etter fire minutt fekk med sjå det første dømet på det som skulle bli det typiske for kampen: Eit heimelaget som ikkje makta å skåre på opplagte målsjansar. Eit innlegg frå Tommy Kanishi fann Vegar Skare føre mål, men frå ein meter vart ballen sett utanfor det opne målet.


Dahle hadde også ein stor sjanse tidleg, men skaut over frå fin posisjon.

Kampen var jamnspelt, men altså med eit klart overtak til heimelaget i sjanseprotokollen:

14 min: Kanishi Andreassen på skothald, men treff dårleg og ballen går utanfor.

22 min: Over frå Skare etter ein corner.

33 min: Kanishi går over halve bana og kjem aleine med keeper, som reddar.

41 min: Kanishi med skot frå kloss hald som keeper reddar.

43 min: Kanishi igjen aleine med keeperetter fint framspel frå Alexander Connor. Keeper kjem ut og hindrar skåring.

44 min: Styring frå Svein Erik Lange Male etter corner treff Marius Ulla som set ballen like over.


Andre  omgang vart ikkje like sjanserik. Heimelaget begynte å tape duellar på midtbanen og Dahle fekk komme på det dei er farlegast på; kontringar. Etter åtte minutt vart ein slik feil utnytta og Jøran Sandøy kunne sette inn 0-1 etter ein retur frå målvakt Marius Sivertsen.

{seyretpic id=1344 align=right}Vestnes Varfjell hadde nokre spedte forsøk på å svare, men sleit med å spele seg til klare sjansar etter pause. Det måtte eit straffespark til før utlikninga kom. Ronny Leikarnes vart felt og Svein Erik Lange Male var trygg straffeskyttar.

Dahle svarte ikkje mange minutta etter. Vestnes Varfjell-forsvaret greide ikkje å stoppe eit angrep der ballen til slutt hamna på hodet til Sandøy. Ballen gjekk i tverrliggar og ned, akkurat over linja markerte ein godt plassert linjemann.


{seyretpic id=1343 align=right}Dahle hadde no full kontroll og heimelaget kom ikkje nærare enn eit skot frå kloss hald fra Trond Klokset som strauk tverrliggaren og eit innlegg frå same mann til Kanishi som heada like utanfor.


Litt surt å tape alle poenga, men som som mot Åndalsnes sist vart Vestnes Varfjell kjempa ut av sitt eige spel av eit lag som satsar på ein meir direkte spelestil.

Nirut Mjøs får vår bestemannspris, trygg og god gjennom heile kampen der han var tilbake på sin vante stopparplass. Tommy Kanishi var best i første omgnag, då gjorde han utan å skåre.

Kampfakta:
Vestnes Varfjell - Dahle 1-2 (0-0)
4. divisjon Nordmøre/Romsdal
Fredag 3. juni 2011 kl 19
Vestnes idrettspark

75 tilskuarar
Mål:

0-1 (53) Jøran Sandøy
1-1 (67) Svein Erik Lange Male, straffespark
1-2 (75) Sandøy
Dommar: Stig Gule, MFK

Gult kort: Svein Erik Lange Male og Trond Klokset, to til Dahle
Vestnes Varfjell (4-3-3): Marius Sivertsen; Marius Ulla, Nirut Mjøs, Svein Erik Lange Male, Knut Øyvind Hoem (Elling Olafsen 82) - Vegar Skare, Yngve Solevågseide, Alexander Connor - Trond Klokset, Ronny Leikarnes, Tommy Kanishi Andreassen