Vestnes Varfjell avslutta vårsesongen i 4. divisjon med å spele 1-1 mot Kristiansund FK fredag kveld. Gjestane starta best i Vestnes idrettspark og tok leiinga på ein corner etter 17 minutt då tidlegare MFK-spelar Vidar Giske Henriksen fekk stå umarkert og dundre ballen i mål SJÅ VIDEO HER. Vestnes Varfjell overtok etter pause og utlikna då Eling Olafsen stussa vidare eit frispark frå Vegar Skare 20 minutt før slutt SJÅ VIDEO HER. Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor var fornøgd med det eine poenget, med tanke på at KFK hadde nokre feite sjansar på kontringar som dei brente i andre omgang. Han likte måten laget sto fram på etter pause og korleis fleire tok ansvar etter at kaptein Tommy Kanishi Andreassen mått ut med skade tidleg. - Samtidig viser vårsesongen at stallen er for sårbar når me får mange skadar og andre sentrale spelarar ikkje er tilgjengeleg til kvar kamp, seier Connor. No har laget ferie fram til 11. august og bortekamp mot Træff 2.

KFK om kampen | Videoar i VarfjellTV | Bildegalleri

 

 

 

KFK, som har avansert til 2. plass etter ei sterk avslutning på vårsesongen, starta best i regnbygene i Vestnes idrettspark.  Dei store sjansane noterte me likevel ikkje til nokon av laga før KFK hadde eit skotforsøk redda og Elling Olfasen hadde ein dobbeltsjanse for heimelaget. 0-1 kom etter eit hjørnespark der Giske Henriksen ikkje vart passa på og fekk tid og rom til å avslutte med eit knallhardt skot.

 

Vestnes Varfjell sterkare utover i omgangen, men vart naturleg nok svekka ein del etter at Tommy Kanishi Andreassen vart skada i kneet alt etter rundt 20 minutt. Erstattar Kevin Gravdehaug hadde den siste sjansen i omgangen då han på overtid fekk sjansen inne i boksen, men fekk ikkje til ei skikkeleg avslutning.

 

Vestnes Varfjell starta straks jakta på ei utlikning etter pause og Elling Olfasen heada like over før det var spelt fem minutt. KFK var på si side farleg på overgangar, og var svært nære 2-0 då Wesley dos Santos Amaral kom aleine med keeper Thomas André Brastad som fekk ein fot på ballen slik at den traff tverrliggaren og ikkje målet.

 

Etter 73 minutt fekk Vestnes Varfjell frispark frå rundt 25 meter. Innlegget frå Vegar Skare fann Elling Olafsen som sette inn utlikninga.

 

Begge lag kjempa for å avgjere kampen, gjestane var nærast då dei to gongar vart nekta av ein god Brastad i Vestnes Varfjell-målet. Ein god 4.-divisjonskamp i høgt tempo endte med 1-1. Det vart delt ut mange gule kort i kampen og like før slutt fekk spelande KFK-trenar Bjørn Christian Søbstad Larsen sitt andre.

 

Kampfakta

Vestnes Varfjell - KFK 1 - 1

Pauseresultat:
0 - 1
Dato: fredag 5. juli 2013 kl. 19:00
Sted: Vestnes idrettspark
Tilskuere: 60
Dommer: Rolf Erik Hjelvik Pedersen, Åndalsnes IF
Assistentdommer 1: Ole Petter Lysgård Kristiansen, Bryn
Assistentdommer 2: Matias Scheide Sannes, Isfjorden IL

Vestnes Varfjell (4-3-3)

12 Thomas Andre Brastad
5 Ørjan Tangen
4
Jo Sigurd Vold
24 Marius Ulla
9
Magnus Nerheim
3 Yngve Solevågseide
91 Vegar Bjørkevoll Skare
25 Sivert Nerheim
11 Amund Stavem
17 Elling Olafsen

8

-

Tommy Kanishi Andreassen

Innbyttarar:

1 Svale André Vikanes Leren
Jørgen Hovde
2 Kevin Andre Gravdehaug
7 Alexander Kenneth Connor

KFK

12 Anders Erling Honningsø
2 Runar Skavnes Bloch
14 Bjørn Christian Søbstad Larsen
17 Vidar Giske Henriksen
20 Marius Sandvik
4 Magnus Aasen
15 Anders Faksvåg Havneraas
7 Svein Magne Aasgård
3 Stian P. Ryther
24 Jon Henrik Suk Hjelmeland
9 Wesley dos Santos Amaral
1 Andreas Haugnes Mork
13 Svein Erik Gregersen
11 Sander Gaupseth Sveen

Mål

Elling Furland Olafsen 74

Mål

Vidar Giske Henriksen 17

Bytter

Tommy Kanishi Andreassen | Kevin Andre Gravdehaug 22

Bytter

Svein Magne Aasgård | Svein Erik Gregersen 81

Gult kort:
Yngve Solevågseide (62), Kevin Gravdehaug (88), 4 til KFK

Rød kort:

Bjørn Christian Larsen, KFK (2 gule, 89)

Kampreferat

17 Spillemål Vidar Giske Henriksen
22 Bytte inn Kevin Andre Gravdehaug
22 Bytte ut Tommy Kanishi Andreassen
74 Spillemål Elling Furland Olafsen
81 Bytte inn Svein Erik Gregersen
81 Bytte ut Svein Magne Aasgård