
| {seyretpic id=1113 align=center} | {seyretpic id=1114 align=center} |
| {seyretpic id=1115 align=center} | {seyretpic id=1116 align=center} |
| {seyretpic id=1117 align=center} | {seyretpic id=1118 align=center} |
| {seyretpic id=1120 align=center} | {seyretpic id=1121 align=center} |
- Me skaper eit visst trykk mot slutten, men det er synd at det skal gå ein time før me startar å spele fotball, sa ein skuffa Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor til VarfjellTV etter kampen.
Eidsvåg var mest på hugget frå start og hadde ein ball i tverrliggaren før dei tok leiinga 1-0 på ein corner. Varfjell-forsvaret fekk ikkje klarert og Eirik Ranheim sette inn 1-0 frå kloss hald. Vestnes Varfjell måtte bytte ut sin raske midstoppar Nirut Mjøs med ein akillsskade alt etter eit kvarter. Vestnes Varfjell sleit med å henge med i første omgang, særleg på midtbana fekk vertane ofte lett spel. Dei gongane Vestnes Varfjell kom i angrep blei det for upresist eller for mykje ein og ein. Nokre nestensjansar frå Ronny Leikarnes var det einaste me noterte.
Berre 45 sekund ut i andre omgang kom 2-0 på eit skot frå Mido som gjekk via eit Vestnes Varfjell-bein. Eit nytt skot gav 3-0 i ein god periode av heimelaget som styrte alt i starten av andre omgang.
Vestnes Varfjell flytta fram begge midstopparane, Bjørn-Vegard Løvik og Svein Erik Lange Male, for å få meir tygde i angrepet. Laget sette eit visst trykk på heimelaget som la seg bakpå for å trygge poenga. Ronny Leikarnes vart lagt i bakken og Lange Male gjekk fram om sette inn sitt første a-lagsmål frå straffemerket. Nærast ei ny redusering og ny spenning mot slutten kom Tommy Kanshi Andreassen, men skotet gjekk via keeper, i stolpen og ut. Løvik gjekk også to gongar i bakken, men dommaren let vere å blåse fleire straffespark.
Tre gule kort til Vestnes Varfjell, dei to siste heilt unødvendige etter protestar mot dommaren. Det betyr også - etter våre uoffisielle tal på gule kort - at både Alexander Connor og Vegard Ellingseter må stå over neste kamp, skjebneoppgjeret heime mot Surnadal laurdag.
- Det er ein kamp me berre må vinne, seier Alexander Connor.
Kampfakta:
Eidsvåg - Vestnes Varfjell 3-1 (1-0)
3. divisjon Nordmøre/Romsdal
Laurdag 19. september 2009 kl 15.00
Eidsvåg kunstgras
75 tilskuarar
Mål:
1-0 (35) Eirik Ranheim
2-0 (46) Mido
3-0 (67) Mido
3-1 (70) Svein Erik Lange Male, straffespark
Dommar: Ole Petter Kristiansen, Eide
Gult kort: Simen Brennvik (45), Alexander Connor (80) og Vegard Ellingseter (90), Vestnes Varfjell.
Vestnes Varfjell (4-3-3): Marius Sivertsen; Ørjan Tangen, Nirut Mjøs (Svein Erik Lange Male 20.), Bjørn-Vegard Løvik, Thomas André Brastad (Martin Lange Sylte 81.) - Alexander Connor, Yngve Solevågseide, Jørgen Gravdehaug (Vegard Ellingseter 48.) - Simen Brennvik, Ronny Leikarnes, Tommy Kanishi Andreassen.