Vestnes Varfjell måtte sjå seg slått 1-2 av Træff 2 på heimebane søndag. Gjestane leia 1-0 ved pause, men Vegar Skare utlikna like etter kvilen. Tommy Kanishi Andreassen sto for førearbeidet med eit raid på kanten, der innlegget fann Skare som kunne sette ballen i ope mål. SJÅ SKÅRINGA I VARFJELLTV. Træff kom raskt tilbake, og trass i fleire sjansar, klarte ikkje heimelaget å svare. Tommy Kanishi Andreassen måtte ut med skade i andre omgang, men forhåpentlegvis er det ikkje noko alvorleg. Frå før var Tore Akselsen ute med skaden han pådrog seg i kampen mot Åndalsnes, men denne skal heller ikkje vere så alvorleg som først frykta. Kampfakta her. Trenar Alexander Connor oppsummerer kampen slik:
Kampfakta og fleire bilder under:
Vestnes Varfjell styrte kampen frå start, men slurva med avklaringa og gjestane kunne ta leiinga. Tommy Kanishi Andreassen aleine med keeper og eit skot i stolpen frå Amund Stavem var det næraste Vestnes Varfjell kom fleire skåringar. Træff 2 avgjorde etter ein corner, noko lettkjøpt vil heimelaget nok hevde. Etter dette sleit Vestnes Varfjell med å komme til store sjansar og Træff 2 kontrollerte inn seieren.
Jo Sigurd Vold fekk bestemannsprisen hos heimelaget.
Kampfakta:
Vestnes Varfjell - Træff 2 1-2 (0-1)
Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal
Søndag 28. april 2013 kl 14.00
Vestnes idrettspark 80 tilskurarar
Mål:
0-1 (35) Eivind Ingeborgvik
1-1 (51) Vegar Skare
1-2 (56) Jarle V. Karlsen
Dommar: Henning Sunde, Molde
Gult kort: Ørjan Tange (31), Vestnes Varfjell, Kristian Belovsky (30), Preben Hestad (59) og Eivind Ingeborgvik (65), Træff 2
Vestnes Varfjell (4-3-3): Thomas André Brastad; Ørjan Tangen, Svein Erik Lange Male, Jo Sigurd Vold, Magnus Nerheim - Vegar Skare, Yngve Solevågseide, Ole Gunnar Kjærstad (Kevin André Gravdehaug 80.) - Amund Stavem, Elling Olafsen, Tommy Kanishi Andreassen (Sivert Nerheim 72.)