Det blir mykje sunnmørsmotstand for Vestnes Varfjell i sesongoppkøyringa også denne sesongen. Først ut er Spjelkavik laurdag 2. februar. Den nyopprylkka 3.-divisjonsklubben frå Ålesund satsar friskt og signerte nyleg ein tidlegare landslagsspelar frå Færøyane. Molde 3 og Stranda er dei neste sparringspartnerane i februar. Me kjem attende med ei komplett treningskampoversikt over helga når dei siste brikkene er på plass.