Vestnes Varfjell slo divisjonskollega Rival 3-1 i ein treningkamp i Molde søndag. Tommy Kanishi Andreassen 2 og Christian Mario Leikarnes var målskårarar. Trenar Alexander Connor var ikkje heilt fornøgd med kampen, sett bort frå ein periode i andre omgang då laget skåna tre mål på rappen som avgjorde kampen. Slik oppsummerer han oppgjeret:
To unge og spillende lag, som ikkje produserte allverden med sjanser i første omgang. Vi manglet den offensive flyten som vi hadde mot Spjelkavika. Men vi var nok nærmest å ta ledelsen, vi hadde mellom anna et stolpeskudd og et par avslutningar som Rivalkeeperen viste klasse på. Så det var litt skuffende at vi ikkje klarte å finne den offensive flyten før i 2 omgang. Men vi skal ha fokus på dette framover, så dette vil løse etter kvart. Sjølv om det lugga litt offensivt i dag, skal den bakre fireren ha skryt. Dei spilte sikkert og godt gjennom heile kampen.
Sjølv om det ikkje skulle så mye til, så var det absolutt betre i 2 omgang. Vi klarte å vinne fleire dueller og med bakgrunn i dette klarte vi å skape fleire gode overganger. Som igjen førte til fleire sjanser og til slutt mål som vi fortjente. Ikkje minst hadde vi en god periode tjueminuttersperiode der vi klarte å score 3 mål på overganger og høgt press. Dessutan er det, sjølv om det er treningskamp, en viss styrke å vinne kamper når ting ikkje stemmer heilt.
Vi vil jobbe hardt inn mot neste treningskamp (15.03 hjemme mot Sykkylven), slik at den offensive spillet blir enda betre, samtidig som vi kan ha den defensive tryggheten som i dag.
Kampfakta:
Rival - Vestnes Varfjell 1-3 (0-0)
Treningskamp, søndag 4. mars 2012 kl 14
Årølia kunstgras, 20 tilskuarar
Mål:
0-1 (58) Tommy Kanishi Andreassen (assist: Magnus Nerheim)
0-2 (60) Kanishi Andreassen (Vegar Skare)
0-3 (67) Christian Mario Leikarnes (Elling Olfasen)
1-3 (70)
Dommar:
Ingen kort til Vestnes Varfjell
Vestnes Varfjell (4-5-1): Alexander Aarø, Per Kristian Os Nakke, Ørjan Tangen, Nirut Mjøs, Marius Ulla - Vegar Skare (Christian Mario Leikarnes 61.), Alexander Connor (Sander Valde 70.), Elling Olafsen, Magnus Nerheim (Tore Akselsen 66.), Tommy Kanishi Andreassen - Amund Stavem.