Ørjan Tangen
Ørjan Tangen
Vestnes Varfjell slo Langevåg 6-2 i ein treningskamp i Vestnes idrettspark søndag. Stillinga ved pause var  2-2. Målskårarar var Vegar Skare, Tommy Kanishi Andreassen, Tore Akselsen, Ørjan Tangen, Amund Stavem og Ole-Gunnar Kjærstad. - Me starta igjen svakt og låg under tidleg. I pausen vart me samde om ein del endringar som gav positivt utslag. Då hadde me bra trøkk og vann til slutt klart. Ein artig kamp, oppsummerer trenar Alexander Connor.

Langevåg om kampen

 

 

Kampen vart spelt under fine forhold sjølv om det snødde heilt inn mot kampstart. Connor rosar Kolbjørn Misfjord som brøytte bana og sytte for gode speleforhold.

 

Det kunne likevel ikkje hindre gjestane frå 4. divsjon på Sunnmøre å ta leiiinga etter eit balltap på midten. Langevåg var best i starten og tok fortent føringa. Vestnes Varfjell slo tilbake med eit skot frå Vegar Skare og på ein corner frå Tommy Kanishi Andreassen som gjekk i mål med litt hjelp av bortelaget. Langevåg utklikna igjen og laga sto like langt ved halv tid.

 

Etter pause var Vestnes Varfjell best og skåra fire gongar til. Først Tore Akselsen, så Amund Stavem etter førearbeid av Magnus Nerheim og Yngve Solvågseide. Ørjan Tangen heada inn 5-2 etter ei corner og nytt innlegg, medan Ole Gunnar Kjærstad avslutta til 6-2 etter at Kanshi Andreassen raida ned langs venstresida.

 

- Greit å få nok ein kamp i beina. Igjen viste kampen at me har ei stor og brei stall. Frå i fjor er mellom andre Ørjan Tangen tilbake. Det blir ei solid forsterking, igjen var han veldig god, seier Connor.

 

Langevåg tapte dagen før 2-5 mot 3.-divisjonslaget Larsnes/Gursken.

 

Neste kamp for Vestnes Varfjell er borte mot Spjelkavik torsdag 1. mars.

 

Kampfakta: 

Vestnes Varfjell - Langevåg 6-2 (2-2)

Treningskamp

Søndag 18. februar 2012 kl 14.

Vestnes idrettspark, 20 tilskuarar

Mål:

0-1 (12)

1-1 (20) Vegar Skare

2-1 (24) Tommy Kanishi Andreassen

2-2 (30)

3-2 (51) Tore Akselsen

4-2 (56) Amund Stavem

5-2 (59) Ørjan Tangen

6-2 (83) Ole-Gunnar Kjærstad

Dommar: Modolf Holm, Isfjorden

Gult kort: Svein Erik Lange Male (43)

Vestnes Varfjell (4-5-1): Lars Håvard Heen Lien (Svale Leren 46.); Ørjan Tangen, Marius Ulla, Svein Erik Lange Male, Magnus Nerheim (Per Kristian Os Nakken) - Tommy Kanishi Andreassen, Sondre Akselsen (Elling Olafsen 46.), Vegar Skare, Yngve Solevågseide, Tore Akselsen (Ole-Gunnar Kjærstad 75.) - Amund Stavem (Christian Mario Leikarnes 73.)