Vegar Skare.
Statistikken frå kampane i årets 4. divisjon er no komplett. Den viser at berre ein spelar var på banen i samtlege 1980 minutt, nemleg Vegar Skare. Midtbanespelaren frå Vikebukt var dermed trenar Alexander Connors mest betrudde mann denne sesongen. Også Yngve Solevågseide spelte alle kampar, men han vart bytta ut i to kampar. Årets toppskårar Elling Olafsen var også nære 22 kampar, men måtte stå over ein grunna skade. Totalt fekk 28 spelarar speletid i seriekampane. Heile spelarstatistikken finn du her>>