Vestnes Varfjell er i ferd med å
lukkast på overgangsmarkanden. Det er no klart at
Vikebukt-duoen Vegar Skare og Marius Ulla returnerer til
moderklubben etter tre sesongar i Måndalen. - Me er veldig
glade for at begge to har takka ja. Dette er spelarar som vil
styrke laget vårt. Begge har hatt ei fin utvikling i
Måndalen og har vore ønska tilbake også
tidlegare, seier Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor til
varfjell.no. Skare er midtbanespelar, medan Ulla er midtstoppar. -
Me har hatt samtalar også med andre spelarar og håpar
å kunne kunngjere fleire overgangar om ikkje så lenge,
seier Connor.