Foto: Asbjørn VikVestnes Varfjell og Norborg spelte 3-3 i ein treningskamp i Vestnes idrettspark torsdag kveld. Tore Akselsen og Amund Stavem skåra, det siste var eit sjølvmål. Heimelaget hadde god kontroll på kampen i andre omgang, men gjestane på Sunnmøre utlikna på overtid. - Ingen stor kamp av oss, men me burde ha vunne. Me sleit lenge med å få spelet til å gli og det var mange feilpasningar, særleg i første omgang, oppsummerer trenar Alexander Connor.

Bilde og videoar kjem | Norborg om kampen

 

 

- Kampen vart spelt under fine forhold, så det er ikkje noko unnskyldning for at spelet ikkje satt som det skulle. Heldigvis betra det seg utover i første omgang og etter pause. Me hadde sjansar til å vinne kampen, men brente for mykje. Samtidig sto Håvard Heen Lien ein god kamp i mål for Norborg. Han vart lånt ut til dei då deira målvakt vart skada i andre omgang, seier Connor.

 

 

- Samtidig er det klart at det vil svinge litt når med prøvar ut nye formasjonar og mange får prøve seg i uvante roller. Det er berre andre treningskamp for vinteren. Søndag kjem Langevåg på besøk og det blir nye sjansar, seier Connor.


Norborg tok leiinga då dei utnytta eit balltap av Vestnes Varfjell. Så utlikna Tore Akselsen på eit skot etter assist frå Magnus Nerheim. 2-1 kom på sjølvmål etter at ein Norborg-spelar sette eit hardt innlegg frå Tommy Kanishi Andreassen i eige nett. 2-2 kom på eit frispark der ballen gjekk mellom beina på Svale Leren i heimelagets mål. Amund Stavem sørga for 3-2 kvarteret før full tid etter forarbeid av Ørjan Tangen. Så hadde heimelaget store sjansar til å punktere kampen før det vart 3-3 etter "klabb og babb" på overtid.

 

Neste kamp er komande søndag klokka 14 mot Langevåg, også det i Vestnes idrettspark. Dette blir den tredje kampen på rad mot motstand frå 4. divisjon på Sunnmøre.

 

Kampfakta:

Vestnes Varfjell - Norborg 3-3 (1-1)

Treningskamp

Vestnes idrettspark 

Torsdag 16. februar 2012 kl 19

Tilskuarar: 20

Mål:

0-1 (13) Ole Johan Urke

1-1 (33) Tore Akselsen

2-1 (63) sjølvmål (Kristian Søviknes) 

2-2 (64) Urke

3-2 (73) Amund Stavem

3-3 (90) Adrian Holmeset

Dommar: Modolf Holm, Isfjorden

Ingen kort

Vestnes Varfjell (4-5-1): Svale Leren; Ørjan Tangen, Svein Erik Lange Male (Christian Mario Leikarnes 85.), Nirut Mjøs, Per-Kristian Os Nakken (Sondre Akselsen 67.)- Tommy Kanishi Andreassen, Magnus Nerheim (Amund Stavem 46.), Tore Akselsen (Yngve Solevågseide 55.), Marius Ulla (Jørgen Hovde 80.), Vegard Skare - Elling Olafsen (Azim Ahmadi 70.)

 

Lars Håvard Heen Lien spelte andre omgang for Norborg