Vestnes Varfjell tok tre nye poeng i 4.- divisjon fredag då laget slo Dahle 2-1 på heimebane. Heimelaget opna sterkt og tok leiinga ved bestemann Elling Olafsen. Tommy Kanishi Andreassen auka til 2-0 før Dahle reduserte rett før pause. Ingen av laga greide å skåre etter pause og Vestnes Varfjell vann til slutt fortent. Trenar Alexander Connor var berre passe nøgd etter kampen: "God førsteomgang, der me skaper ein del og får ein del overgangar. Me er veldig inneffektive og burde ha skåra langt fleire. Me dett ein del i kvalitet i 2. omgang, men skaper likevel mange 100%-sjansar som me dessverre ikkje scorer på. Maskineriet har ikkje komme heilt i gang enno, så slik sett er det bra at me klarer å vinne sjølv på dager der ikkje alt stemmer heilt. Me fekk dessverre ein del skadar i dag, men får håpe at dei er klare til kampen mot Tingvoll neste helg." Dahle om kampen. Andre resultat i kveld: ÅIF - Midsund 7-1, KFK - Frei 2-1, Eidsvåg - Kvass/Ulvungen 1-2, Træff 2 - Tingvoll 3-2. Tabell
Vestnes Varfjell skapte to store sjansar alt i starten av kampen, og det var fortent då Elling Olafsen heada inn 1-0 etter før ti minutt var spelt i regnværet i Vestnes idrettspark. Etter dette jamna kampen seg litt ut, men etter 37 minutt kunne Tommy Kanishi Andreassen auke til 2-0 då han utnytt ein feil i Dahle-forsvaret og lobba ballen i mål. Rett før pause reduserte gjestane etter eit innlegg inn i feltet der Pah Ousmann Jammeh fekk tid til å skyte i mål.
Andre omgang var jamnare, men Vestnes Varfjell rodde i land ein fortent seier.
Marius Ulla var tilbake på Vestnes Varfjell etter at han har spelt for Fart utanfor Hamar sidan i fjor haust. Vikebuktingen kom innpå i andre omgang.
Kampfakta:
Vestnes Varfjell - Dahle 2-1 (2-1)
Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal
Fredag 7. juni 2013 kl 19
Vestnes idrettspark - 50 tilskuarar
Mål:
1-0 (8) Elling Olafsen
2-0 (37) Tommy Kanishi Andreassen
2-1 (44) Pah Ousmann Jammeh
Dommar: Bjørn Myklebust, Molde
Ingen kort
Vestnes Varfjell (4-3-3): Svale André Leren; Magnus Nerheim, Jo Sigurd Vold, Svein Erik Lange Male (Kevin Gravdehaug 64.), Ygve Solevågseide - Elling Olafsen, Nirut Mjøs, Vegar Skare - Ole Gunnar Kjærstad (Marius Ulla 74.), Amund Stavem, Tommy Kanishi Andreassen