Vestnes Varfjell låg under 0-2 i bortemøtet med botnplasserte Elnesvågen 2 søndag og såg ut til å gå mot eit svært unødvendig tap. Vertane tok leiinga 1-0 før pause på eit skot frå rundt 40 meter som gjekk i boge over Thomas Brastad som sto langt ute. Før dette hadde Vestnes Varfjell brent sjanse på sjanse utan å få mål. Kampen jamna seg litt ut etter pause og Elnesvågen 2 forsvarte seg godt. Og då Kristian Benjaminsen sette inn 2-0 på ei kontring, såg det mørkt ut med tanke på poeng. Amund Stavem reduserte til 1-2 på eit vakkert skot i vinkelen etter innlegg frå Magnus Nerheim og gav eit visst håp. Det varte likevel heilt til på overtid før Vestnes Varfjell skulle greie å snu kampen. Først sette Tommy Kanishi Andreassen eit frispark gjennom muren frå 16 meter (SJÅ VIDEO HER), før Vegar Skare vart matchvinnar då han tråkla inn 3-2-målet. - Dette var ein kamp me skulle ha avgjort før pause. Det er heilt utruleg at me ikkje skårar mange mål då. I andre omgang får Elnesvågen stadig meir trua, medan me slit. Dette skjer ofte i fotball, men heldigvis greier me å snu det heilt på slutten, sa ein letta Varfjell-trenar Alexander Connor etter kampen. Elnesvågen 2 om kampen
Vestnes Varfjell tok kommandoen frå start på Tornes kunstgrasbane og hadde ein stor sjanse før minuttet var gått. Heimelaget, som hadde mange forfall før kampen, hadde nok med å forsvare seg i første omgang. Særleg i ein periode frå ca 20 minutt trykte Vestnes Varfjell vertane bakover og skapte flust med store sjansar. På blokka notert me:
20 minutt: Amund Stavem med skot like over frå god posisjon
21 minutt: Tommy Kanishi Andreassen med skot like over etter fint gjennomspel
23 minutt: Kanishi skot like uanfor aleine med keeper
24 minutt: Vegar Skare med heading like over etter innlegg frå Kanshi
Så skårar heimelaget 1-0 på eit langskot, utan at det hindrar Vestnes Varfjell å halde fram med sitt sjansesløseri resten av omgangen:
34 minutt: Kanishi med eit knallskot som treff undersida av tverrliggaren og smell ned på streken
35 min: Svein Erik Lange Male kranglar ballen i mål, men er for hardhendt og dommaren blés for angrep på målvakta
Omgangen blir avslutta med at Kanishi skyt rett på keeper aleine igjennom, før Elling Olafsen sender i veg eit skot som målvakta får fista over.
Elnesvågen 2 er meir med på notane frå start i 2. omgang, men det er Vestnes Varfjell som har dei første sjansane også no. Kanishi hadde nær funne Lange Male føre mål tidleg, medan Olafsen sitt skotforsøk blir redda av keeper.
I staden kontrar altså heimelaget inn 2-0. Dette var tøft å få i andletet for Vestnes Varfjell, samtidig som heimelaget no tettar igjen med enda fleire bak og gjer det vanskeleg å komme til sjansar. Yngve Solevågseide hadde eit godt skotforsøk redda før Amund Stavem endele fekk uttelling. Skotet sat heilt oppe i vinkelen etter innlegg og førearbeid frå Magnus Nerheim.
Tommy Kanishi Andreassen hadde ein stor sjanse aleine med keeper like etterpå, men i staden for utlikning ser heimelaget ut til å ha kontroll på kampen. Faktisk er dei svært nærme 3-1 på skot som Thomas André Brastad i Vestnes Varfjell-målet får fista over med ei feberredning.
Men, så like før full tid, får Vestnes Varfjell frispark like utanfor 16-meteren etter at Kanishi vart felt. Same mann, som fullførte kampen trass i smerter i ein fot, fann ei opning i muren og det sto 2-2. (SJÅ VIDEO HER) I hektiske sluttminutt kjempa Vestnes Varfjell på for alle poenga, og på overtid hamna ballen hos Vegar Skare som avgjorde med eit skot frå kloss hald.
Dermed vart det likevel Vestnes Varfjell-jubel på ein dag som lenge såg ut til å endte i eit typisk tap etter sjansesløsing.
Laget må utansett heve seg skal det bli poeng mot Åndalsnes heime 16. mai. ÅIF har forsterka laget kraftig sidan Vestnes Varfjell vann 3-2 i seriepremieren på Øran og får også fem mann i tilgang sidan forrige kamp (tap 1-5 ot MFK 3)
Kampfakta:
Elnesvågen 2 - Vestnes Varfjell 2-3 (1-0)
4. divisjon Nordmøre/Romsdal
Søndag 12. mai 2013 kl 15
, 20 tilskuarar
Mål:
1-0 (25)
2-0 (56) Kristian Benjaminsen
2-1 (71) Amund Stavem
2-2 (89) Tommy Kanishi Andreassen
3-1 (90) Vegar Skare
Dommar: Karl Edvard Brendskag, Dahle
Ingen kort
Vestnes Varfjell (4-3-3): Thomas André Brastad; Ørjan Tangen, Svein Erik Lange Male, Jo Sigurd Vold, Magnus Nerheim - Vegar Skare, Yngve Solevågseide, Ole Gunnar Kjærstad (Nirut Mjøs 71. min) - Amund Stavem, Elling Olafsen, Tommy Kanishi Andreassen