Den avlyste kampen i 4. divisjon mot Kvass/Ulvungen på bortbane har fått ny dato. Den blir no spelt komande måndag klokka 19. Grunna lysforholda blir kampen spelt i flomlys på kunstgrasbana på Sunndalsøra. Kampen vart avlyst då heimelaget ikkje hadde nok spelarar tilgjengeleg på den opphavlege datoen. Vestnes Varfjell kunne nok etter reglane ha fått tre poeng og seieren 3-0, men ønsker å leve etter prinsippet om fair play og at kampar skal avgjerast på fotballbanen. - Det var irriterande å få kampen avlyst på kort varsel, men ein annan gong kan det vere vår tur å ha mannskapsproblem, seier Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor til varfjell.no. Kvass/Ulvungen var i aksjon også torsdag kveld, då laget tapte 0-2 heime mot Molde 3. Vestnes Varfjell tek i mot Tingvoll heime i morgon klokka 19.
A-laget: Ny dato for kampen mot Kvass/Ulvungen
- Detaljer
- Skrevet av: nettredaksjonen
- Kategori: Nyheter