{seyretpic id=842 align=right}Vestnes Varfjell har avtalt å møte Rollon til treningskamp 14. april. Ålesundslaget spelar i 4. divisjon etter at laget ikkje makta å komme med i den nye 3.-divisjonen trass ein sterk sluttspurt. - Dette blir truleg den siste treningskampen før seriestart, seier Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor. Rollon er den eldste fotballklubben i Ålesund og har rike tradisjonar. Sist Vestnes Varfjell møtte laget, i 2009, vart det tap 3-6.