Møter gamleklubben: Vegar Skare
Vegar Skare
Vestnes Varfjell møter Måndalen på bortebane i 4. divisjon i kveld kl 19.  DET BLIR OPPDATERINGAR PÅ TWITTER. Kampen blir spelt på Øran fordi Måndalen si heimebane framleis ikkje er spelaklar etter at den har fått nytt grasdekke. Det blir møte med gamle lagkameratar for Marius Ulla og Vegar Skare som returnerte frå Måndalen til Vestnes Varfjell før denne sesongen. Justin Sætre gjekk motsatt veg, og utgjer gruppa av tidlegare Vestnes Varfjell-spelarar saman med Audun Leikarnes, Hans Sætre og Sindre Balstad. Slik vart Måndalen omtalt i Åndalsnes Avis før sesongen:

 

"Måndalen ILs styrke er teknisk godt skolerte spillere med stor fart. Svakheten er en for tynn spillerstall" og videre "Styrken til laget fra MIL er at de har mange spillere med stor rutine".