ImageMalmefjorden gjestar Vestnes idrettspark fredag, eit lag me ikkje har møtt på A-lagsnivå sidan 1994. Det var i 5. divisjon. Malmefjorden rykka opp dette året og vann 4-0 heime, men Ronny Leikarnes sørga for 1-0 og revansj i haustkampen. Laget frå Fræna står med 6 poeng i årets sesong og slo til med storseier 9-1 mot Bøfjord/Bæverfjord/Surnadal 2 sist. Klubben har mellom anna tidlegare Elnesvågen-spelarar som Roger Hagevold og Rikard Nerland i sine rekker. Erlend Holmen er med sine 6 mål toppskårar i divisjonen saman med Ronny Svanemsli frå CFK. MFK-legende Jan Fuglset er trenar. Kampstart er klokka 19. Program VVIL - Malmefjorden 2010 Program VVIL - Malmefjorden 2010