Avgjorde sist: Arjan Hulsker
Avgjorde sist: Arjan Hulsker
Ein ny treningskamp er avtalt for A-laget til Vestnes Varfjell, og også denne gongen går turen over Ørskogfjellet. Hareid blir motstandar på Hareid tirsdag 13. mars. Laga har samtidig avtalt å møtast på Vestnes neste år. Hareid har kjempa i toppen i 3. divisjon på Sunnmøre i fleire sesongar, men klarte ikkje å komme med i den nye fylkesserien. Sist laga møttest var i vinterserien i Sunnmørshallen i 2001 då Arjan Hulsker sytte for 1-0-seier. Dette skriv Hareid om Vestnes Varfjell:


"Hareid får besøk av Vestnes Varfjell tysdag 15. mars. VV er eit tradisjonsrikt lag, og har forstra opp mange store profilar i norsk fotball - ikkje minst legenda Bernt Hulsker. I år spelar VV i likskap med Hareid i 4.-divisjon. Sidan VV kjem til Hareid denne vinteren, har vi i same slengen avtala at Hareid kjem til Vestnes for å spele treningskamp neste vinter."


Artikkelen er illustrert med eit bilde av Bernt Hulsker og denne bildeteksten: "Det har vore spekulert i kor vidt Bernt Hulsker returnerer til Vestnes Varfjell denne sesongen."