Skåra mot CFK i 1983: Tor Egil Valldal. (Foto: Øyvind Brunvoll, Romsdals Budstikke)
Skåra i 83: Tor Egil Valldal
Vestnes Varfjell spelar årets første heimekamp i 4. divisjon klokka 19 i kveld. Motstandar er eit av dei historisk sett store laga i fylket; Clausenengen FK. Både CFK og heimelaget er av mange tippa høgt i årets 4. divisjon. Mange vart nok overraska då CFK tapte 1-2 heime mot Kvass/Ulvungen i første kamp, men det var nok eit arbeidsuhell. Me må tilbake til 1983* for å finne siste møte med laget frå Kristiansund:

HUSK Å LEGGE INN DINE TIPS I TIPPEKONKURRANSEN!



I 1983, som også er einaste gong lag har møttest tidlegare, tapte Varfjell 1-2 borte og 1-4 heime mot CFK. Målet i bortekampen var eit sjølvmål, medan Tor Egil Valldal skåra i returkampen i Tresfjord. CFK rykka opp frå gamle 4. divisjon denne sesongen, Varfjell rykka ned.

CFK var i 1. divisjon siste gong i 1999, men sa takk for seg som seniorlag då samarbeidsklubben Kristiansund BK overtok plassen frå 2004. Klubben gjenoppsto med eige seniorlag i 2008 og gjekk gjennom 5. divisjon utan poengtap i fjor.

CFK har vore i Tyrkia på treningsleir føre denne sesongen og har mellom anna spelt uavgjort mot Dahle i treningskamp. Laget har framleis med spelarar med rutine frå då laget var i 1. og 2. divisjon for rundt ti år sidan og har også fått gode spelarar i tilgang frå KBK. Dermed skulle alt ligge til rette for eit tett og spennande oppgjer i kveld.

 

 


* Me ser då vekk frå at KBK 2 i 4. divisjon i 2004 og 2005 også hadde KFK og CFK i namnet for å kunne bruke juniorar frå desse klubbane.