View VideoVestnes Varfjell skal ut i ny bortekamp i 4. divisjon når laget gjestar Surnadal onsdag kveld. Laget frå Syltøran rykka ned frå 3. divisjon i fjord, og var var rekna som ein av dei største opprykksfavorittar før sesongen etter mellom anna å ha slått 3.-divisjonslaga Sunndal og AK ut av cupen. Sidan har det blitt tre strake tap, mot KFK og Frei i serien og meir venta MFK i cupen. Dermed møter det unge Vestnes Varfjell-laget truleg eit svært revansjesugent heimelaget i kveld. Laga møttest sist i 3. divisjon i 2009. Då sjokkerte Vestnes Varfjell heimelaget med å skåre fire mål på 20 minutt i første omgang i ein minnerik 4-2-seier. LES MEIR OM DENNE KAMPEN HER. Videoar frå kampen her: Sjå mellom andre Stokkeland score i 2009. Kampfakta til kveldens kamp kjem her. Oppdateringar via Twitter: Surnadal og  (truleg meir sporaridisk) Vestnes Varfjell.