Vestnes Varfjell spelte 1-1 heime mot CFK/KBK 3 i 4. divisjon fredag kveld. Karl Arne Stokkeland sendte heimelaget i leiinga like før pause, då han snappa opp returen etter at Ole Gunnar Kjærstad hadde skote i stolpen (sjå video av skåringa her). Gjestane utlikna på ei kontring og kontant skot i mål frå Kenneth Larsen fem minutt før full tid (sjå video av skåringa her).  Det blir meldt om ein jamn kamp med sjansemessig overtak til Vestnes Varfjell.  Ørjan Tangen vart kåra til bestemann på heimelaget. Meir seinare. Bildet viser målskårarar for heimelaget Karl Arne Stokkeland til høgre saman med Yngve Solevågseide. Foto og video: Asbjørn Vik

 

 

Dommar: Terje Sorthe, Hjelset-Kleive

 

Vestnes Varfjell: Adrian Gabrielsen; Adrian Liabø, Svein Erik Lange Male, Ørjan Tangen, Yngve Solevågseide - Ole Gunnar Kjærstad, Karl Arne Stokkeland (Thomas André Brastad 86.), Sivert Nerheim - Magnus Nerheim, Amund Stavem, Azim Ahmadi (Karl Edvard Bredeli 80.)