ImageVestnes Varfjell held fram med å imponere i treningskampane. Torsdag vart 3.-divisjonslaget Brattvåg sendt heim med tap. Trond Klokset, Vegar Skare, Tore Akselsen og Svein Erik Lange Male var målskårarar. Gjestane var i føringa 3-2 ved pause. Vestnes Varfjell kjempa godt gjennom heile kampen og vann til slutt fortent. Brattvåg om kampen | Sjå heile kampen i VarfjellTV


Gjestane var utan baklengsmål så langt i vinter, men det tok det Vestnes Varfjell berre to minutt å gjere noko med. Trond Klokset debuterte for året med å stange inn 1-0 med hovudet etter innlegg frå Tommy Kanishi Andreassen.


Brattvåg slo tilbake like etter på eit skot som den nye Varfjell-keeperen Alexander Aarø var uheldig på og landa inni målet med ballen. Gjestane auka så  til 2-1 på ei heading etter eit innlegg. 3-1 kom på ei kontring før Vegar Skare skaut inn reduseringa til 2-3 like før pause. Det var fortent etter at heimelaget hadde spelt aggressiv og til tider god fotball. Laget hadde også store sjansar utanom skåringane, mellom anna redning på strek etter forsøk frå Skare, medan Yngve Solevågseide og Elling Olafsen vart hindra av keeper.


Tempoet sakk litt etter kvilen, no med heimelaget i medvind. Vestnes Varfjell skapte igjen sjansar, Vegar Skare kom nærast med ei avslutning i tverrliggaren. Laget måtte likevel vente heilt mot slutten før det vart uttelling. Azim Ahmadi vart felt og Tore Akselsen skåra på straffespark, et spark han måtte ta to gongar sidan ein spelar var for ivrig og inne i feltet på det første forsøket. Midtstoppar Svein Erik Lange Male vart matchvinnar då han  på overtid raga høgast og heada inn målet som gav seier 4-3.


Kampfakta:

Vestnes Varfjell - Brattvåg 4-3 (2-3)

Treningskamp

Torsdag 8. mars 2012 kl 19.30

Vestnes idrettspark
35 tilskuarar
Mål:

1-0 (2) Trond Klokset

1-1 (6) Eivind Gjerde

1-2 (19) Frederik S. Johnsen

1-3 (42) Frederik S. Johnsen

2-3 (45) Vegar Skare

3-3 (88) Tore Akselsen, str

4-3 (90) Svein Erik Lange Male
Dommar: Modolf Holm, Isfjorden

Gult kort: Marius Ulla

Vestnes Varfjell (4-5-1): Alexander Aarø; Ørjan Tangen, Svein Erik Lange Male, Marius Ulla, Per Kristian Os Nakken  - Trond Klokset (Magnus Nerheim 57), Yngve Solevågseide, Vegar Skare,  Elling Olafsen (Tore Akselsen 58), Tommy Kanishi Andreassen - Amund Stavem

Azim Ahmadi 80.