Dei vinterlege forholda gjorde sitt til at den avtalte treningskampen mot Molde 3 tirsdag vart avlyst. - Me vil prøve å få spelt kampen seinare i månaden og før neste avtalte treningskamp som er mot Stranda 28. februar, opplyser trenar Alexander Connor. I ein treningskamp som har vorte spelt, vann Dahle 3-2 mot Kvass/Ulvungen.