ImageHundreårsjubilant Molde FK gjestar 110-åringen Vestnes Varfjell i Vestnes idrettspark i kveld klokka 19. MFK 3 kjem som tabelleiar i 4. divisjon og skal møte eit heimelag som har slite litt etter den fine innleiinga på sesongen. MFK 3 består av dei beste juniorane til eliteserieklubben, og dermed burde det bli mange talent å sjå på bana i kveld. Vestnes Varfjell får vel tilbake ein del spelarar som hadde forfall sist, i ein kamp der Tommy Kanishi Andreassen vart skadd. MFK fyller 100 år søndag, men startar feiringa alt fredag. Kveldens kamp er derfor flytta fram ein dag. FØLG MED PÅ TWITTER FOR OPPDATERINGAR.  Tidlegare møter:

4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2008
15. 21.08 MFK3 - Varfj 1:2 (les)
4. 09.05 Varfj - MFK3 0:1 (les)
4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2006
15. 26.08 Varfj - MFK3 3:1
4. 12.05 MFK3 - Varfj 2:2