Azim og ConnorTre fine skåringar heldt ikkje til poeng då Vestnes Varfjell tapte 3-6 borte mot Molde 3 torsdag. Dermed ligg laget framleis utsett til på tabellen. - Me har att to heimekampar som me nok må vinne, i tillegg bør me greie minst utavgjort i bortekampen mot Træff 2, seier trenar Alexander Connor. 



Vestnes Varfjell starta kampen best på Årølia kunstgraset i friskt haustver. Vegar Skare hadde den første store sjansen aleine med keeper etter seks minutt. Første forsøk traff keeper, det andre nettveggen. I staden fekk MFK 3 fulltreff på sitt første skot på mål. Ballen låg klint oppe i krysset.

Etter dette tok heimelaget over. Vestnes Varfjell vart pressa bakover på bana og vart ofte springande imellom når Molde-juniorane fekk spele småspelet sitt. Etter 35 minutt greidde ikkje Vestnes Varfjell-forsvaret å stå imot lenger. Målvakt Marius Sivertsen redda første forsøk, men returen vart heada i mål. 2-0 sto seg til pause.

ImageMFK 3 auka til 3-0 like etter kvilen og håpet om poeng forsvann nok med den skåringa. Vestnes Varfjell heva seg likevel utover i omgangen og Elling Olafsen heada like over, før same mann reduserte på eit fint skot etter forarbeid av Tommy Kanishi Andreassen etter eit kvarter.

Så auka heimelaget tempoet att og det vart 4-1 etter kaos i Vestnes Varfjell-forsvaret der det siste av fleire avklaringsforsøk hamna rett i beina til ein Molde-spelar. Så var innbyttar Ronny Leikarnes aleine med keeper i andre enden av bana etter eit fint oppbygd angrep, men keeper redda. 5-1 kom på eit straffespark ingen med marineblå drakter var samde i. 6-1 kom like etterpå etter at ein Molde-spelar fekk stå umarkert.

ImageVestnes Varfjell ville unngå ytterlegare audmjuking slik det skjedde på same bane mot Rival tidlegare i haust, og makta å pynta på resultatet på slutten. Først fekk Tommy Kanishi Andreassen fulltreff då han plasserte ballen knallhardt til side for keeper, så skåra Azim Ahmadi sitt første mål på a-laget då han kippa ballen elegant forbi keeper etter framspel av Tore Akselsen.

Vestnes Varfjells beste: Nirut Mjøs

Kampfakta:

Molde 3 - Vestnes Varfjell 6-3 (2-0)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Torsdag 22. september 2011 kl 19

Årølia kgb, 15 tilskuarar 

Mål:

1-0 (10) Morten Wenaas

2-0 (34) Oddne Bakken

3-0 (48) Espen Outzen

3-1 (59) Elling Olafsen

4-1 (67) Outzen

5-1 (77) Wenaas, straffespark

6-1 (83) Christian R Pedersen

6-2 (86) Tommy Kanishi Andreassen

6-3 (90 + 2) Azim Ahmadi

Dommar: Terje Sorthe, Kleive

1 gult kort til Molde 3

Vestnes Varfjell (4-3-3): Marius Sivertsen; Yngve Solevågseide (Sander Valde 83), Svein Erik Lange Male, Nirut Mjøs, Magnus Nerheim - Vegar Skare, Trond Klokset (Alexander Connor 75.), Sondre Akselsen (Ronny Leikarnes 51.) - Tore Akselsen, Elling Olafsen (Azim Ahmadi 85.), Tommy Kanishi Andreassen