Matchvinnar: Sondre Akselsen (Foto: Asbjørn Vik)
Skåra: Sindre Balstad (Foto: Asbjørn Vik)

Kampen mellom Vestnes Varfjell og Måndalen fredag inneheldt det meste. Sindre Balstad skåra mot gamle lagkameratar i sin Vestnes Varfjell-debut, Måndalen fekk keeperen utvist i første omgang samtidig som vertane misbrukte det påfølgande straffesparket. Måndalen utlikna med ti mann like før slutt, men Sondre Akselsen sørga for at det likevel vart seier til slutt med eit flott langskot.

Videoar i VarfjellTV | Les kampprogrammet | Måndalen om kampen



Vestnes Varfjell gjekk rett i angrep mot gjestane frå nabokommunen og alt etter 30 sekund hadde Elling Olafsen eit skot i stolpen frå skrått hald. 1-0 let likevel ikkje vente lenge på seg. Ni minutt var spelt då eit presist og langt framspel frå Nirut Mjøs fann Sindre Balstad. Debutanten tok ballen på direkten og sette den forbi keeper og i mål.


Ti minutt seinare var det klart for 2-0 då eit langskot frå Elling Olafsen  gjekk under ei uheldig målvakt. Meir uhell for Måndalens målvakt Arild Bø etter ein halvtime då han vart utvist etter å ha felt Ronny Leikarnes som hadde runda keeper og berre hadde å sette ballen i tomt mål.  Tommy Kanishi Andreassen hadden sjansen til å sikre 3-0-leiing, men for andre kamp på rad brente Vestnes Varfjell eit straffespark då skotet traff rett på målvakt-erstattar Bård Olav Hjelvik. 

Med ein mann meir og to måls leiing trudde nok dei fleste likevel at Vestnes Varfjell skulle kruse inn til ein klar seier. Men gjestane kom  sterkt i andre omgang og kjempa seg inn i kampen. Kim Rodi Nikolaisen kjempa inn reduseringa eit kvarter før slutt. No kjempa gjestane best to  minutt før slutt var laga like langt etter skåring av Freddy Nikolaisen som var sist på ballen etter litt fram og tilbake føre Varfjell-målet.



Måndalingene trudde nok no at dei hadde kjempa seg til eit poeng, men Vestnes Varfjell svarte rett frå avspark. Innbyttar Sondre Akselsen fekk gå  aleine med ballen før han sendte i veg eit skot frå 25 meter som fauk i mål til 3-2.

På overtid var Yngve Solevågseide var svært nære 4-2 då han heada mot mål frå kloss hald etter innlegg frå Balstad, men ballen trilla langs streken og ut. Alt i alt ein fortent seier til heimelaget, men det vart altså meir spennande enn nødvendig i andre omgang.



Banens beste: Elling Olafsen

Kampfakta:

Vestnes Varfjell - Måndalen 3-2 (2-0)

Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Fredag 12. februar 2011 kl 19

Vestnes idrettspark, 100 tilskuarar

Mål:

1-0 (9) Sindre Balstad

2-0 (20) Elling Olafsen

2-1 (78) Kim Rodi Nikolaisen

2-2 (88) Freddy Nikolaisen

3-2 (89) Sondre Akselsen

Raudt kort: Bø, Måndalen (37)

Gult kort: Ingen

Vestnes Varfjell (4-3-3): Marius Sivertsen; Svein Erik Lange Male,Nirut Mjøs, Marius Ulla (Ole Gunnar Kjærstad 83.), Per Kristian Os Nakken -  Vegar Skare, Yngve Solevågseide, Elling Olafsen - Tommy Kanishi Andreassen (Sondre Akselsen 73.), Ronny Leikarnes (Alexander Connor 90.), Sindre  Balstad