Vestnes Varfjell gjekk på sesongens første poengtap på bortebane då laget tapte heile 3-6 borte mot svakt plasserte Tingvoll fredag kveld. Vestnes Varfjell leverte til tider prestasjonar langt under pari og tapte mot eit heimelag som ville meir og som spelte på seg stadig større sjølvtillit etter som kampen bikka deira veg. Vertane leia 2-1 til pause. På stillinga 2-2 tidleg i andre omgang såg det ut som Vestnes Varfjell skulle ta over, men i staden skåra heimelaget to kjappe og Vestnes Varfjell greide aldri å komme tilbake i kampen. Tommy Kanishi 2 og Ole Gunnar Kjærstad skåra for Vestnes Varfjell.
Kampen starta på verst tenkeleg vis for eit Vestnes Varfjell utan sin faste midtstopparduo Jo Sigurd Vold (HV-øving) og Svein Erik Lange Male (skadd). Alt etter fire minutt utnytta heimelaget eit løp i bakrommet og sette inn 1-0 ved Marius Bless. Før det hadde Elling Olafsen eit langskot i tverrliggaren. Den same tverrliggaren hindra same Olafsen etter ti minutt då eit frispark gjekk akkurat litt for høgt. Så var Vegar Skare aleine med keeper etter framspel frå Kevin Gravdehaug. Tingvoll var nære på etter ei heading like utanfor etter ein corner.
Vestnes Varfjell var prega av mykje slurvete balltap på midtbanen og feilposisjoneringar i forsvar før pause, og det var slikt slurv som straffa seg etter ein halvtime. Ørjan Tangen hadde tilsynelatande kontroll på ballen, men dribla seg vekk innanfor eigen 16-meter og Bless snappa ballen og sette inn sitt andre for kvelden. Seks minutt før pause reduserte Tommy Kanishi Andreassen på eit fint skot plassert til side for keeper. Ein sjanserilk omgang vart avsluta med ei Tingvoll-avslutning i stolpen.
Trenar Alexander Connor endra på laget etter pause, Yngve Solevågseide vart trekt ned på stopparplass og Karl Arne Stokkeland kom inn på midtbanen. Vestnes Varfjell tok no kommandoen over kampen og Kanishi hadde ei avslutning i stolpen før fem minutt var spelt. Utlikninga kom like etter då Ole Gunnar Kjærstad fekk krangla inn ballen frå kloss hald.
Vestnes Varfjell hadde no sjansen til å ta over og avgjere kampen, men gav i staden frå seg initiativet til heimelaget igjen. Det var tydeleg at Tingvoll ville selge seg dyrt for å sikre seg sine første heimepoeng, og då dei gjekk opp til 3-2 og 4-2 i løpet av fem minutt midtvegs i omgangen, greide ikkje Vestnes Varfjell å svare. Det første kom etter eit innlegg på første stolpe som Bless var først på slik at han fullførte sitt hattrick, så 4-2 på eit kontring. Amund Stavem hadde ein sjanse blokkert av keeper, før Tingvoll skåra igjen. 5-2 kom på eit skot frå omtrent død vinkel, etter at Tingvoll hadde skot i stolpen like før. 6-3 var resultat av ein retur etter ein stor sjanse.
Tommy Kanishi heada inn 6-3 like før slutt, medan kampen vart avslutta med at Tingvoll skaut i tverrliggaren og ned.
Alt i alt ein svak prestasjon av Vestnes Varfjell. Denne kampen er det berre å gløyme så fort som muleg og sjå fram mot neste kamp som er mot Midsund heime fredag.
Kampfakta:
Tingvoll - Vestnes Varfjell 6-3 (2-1)
Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal
Fredag 14. juni 2013 kl 19
Vorpbukta stadion, 45 tilskuarar
Mål:
1-0 (4) Marius Bless
2-0 (31) Bless
2-1 (39) Tommy Kanishi Andreassen
2-2 (50) Ole Gunnar Kjærstad
3-2 (62) Bless
4-2 (67) Sverre Hafskjær
5-2 (75) Håvard Venås
6-2 (81) Venås
6-3 (87) Kanishi Andreassen
Dommar: Ole Bjørn Moen, Eide
Gult kort: Knut Turøy, Sverre Hafskjær og Øyvind Husby, alle Tingvoll
Vestnes Varfjell: Thomas André Brastad; Kevin Gravdehaug (Karl Arne Stokkeland 46.), Ørjan Tangen, Marius Ulla, Magnus Nerheim - Elling Olafsen (Sivert Nerheim 80.), Yngve Solevågseide, Vegar Skare - Ole Gunnar Kjærstgad, Amund Stavem, Tommy Kanishi Andreassen