At det svingar fort i fotball var kampen på Øran stadion fredag eit bevis på, då Vestnes Varfjell gjekk frå 13-1-seier til 2-5-tap mot same motstandar. Åndalsnes tok ei tidleg leiing, men Vestnes Varfjell tok over og leia 2-1 etter skåringar av Amund Stavem og Vegar Skare og Amund Stavem. Men tre kjappe skåringar før pause og ei like etter kvilen avgjorde kampen til fordel for eit heimelag som låg kompakt i forsvar og lukkast med kontringsspelet sitt. På toppen av alt vart midstoppar Nirut Mjøs utvist på slutten etter at han fekk sitt andre gule kort i kampen.

Åndalsnes om kampen

 

Behaldninga i kampen for Vestnes Varfjell var den første halvtimen då laga også skåra to gongar og tok leiinga. Utlikinga til 1-1 kom etter at Amund Stavem sprang igjennom ÅIF-forsvaret og avslutta med eit skot forbi ein utspelt keeper. 2-1 vart heada i mål av Vegar Skare etter innlegg frå Tommy Kanishi Andreassen.

 

Vestnes Varfjell satsa alt for å ta att heimelaget si leiing til pause, men i staden auka heimelaget til 5-2 på eit frispark frå langt hald. Heimelaget heldt etter dette tett bakover og det vart ikkje fleire reduseringar.

 

PS: Vestnes Varfjell har ikkje vunne mot Åndalsnes på bortebane i nyare tid. Siste seier på Øran kom i 1977. Då sytte Roger Valldal og eit sjølvmål for seier 2-1.

(Meir kjem)

 

Kampfakta:

Åndalsnes - Vestnes Varfjell 5-2

Pause: 4-2

Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Fredag 7. september 2012 kl 19

Bane: Øran stadion (kunstgras)

Tilskuarar: 50

Mål:

1-0 (7) Jon Hustad

1-1 (18) Amund Stavem

1-2 (23) Vegar Skare

2-2 (37) Thomas Pedersen

3-2 (41) Daniel Emami

4-2 (42) Jens-Are Hagen

5-2 (55) Torkil Høgset

Dommar: Marius Hansen Grøtta, Rival

Raudt kort: Nirut Mjøs, Vestnes Varfjell (89)

Gult kort: Aarø (90)

Laget: Aarø, Solevågseide, Mjøs, Male, Nerheim - Skare, Stokkeland, - Kjærstad - Stavem, Leikarnes, Kanishi

 

 

Innbytte.


Ronny - Tore 45 min
Ole Gunnar - Ronny 70 min (kom inn igjen)
Yngve - Jørgen Hovde 80 min
Kalle- Mario 85 min