Vestnes Varfjell har no tapt sju A-kampar på rad. Det er ikkje klubbrekord. Me har bladd i historiebøkene og funne andre mareritt-sesongar.

Også 1986 vart ein tøff sesong etter opprykk til 3. divisjon (heitte 4. divisjon då). Laget starta rett nok med å ta poeng i fleire kampar, men frå slutten av vårsesongen og eit stykke ut på hausten kom ei rekke på 8 strake nederlag. Då greidde trenar Alexander Connor senior å snu det i kamp nummer 9, kanskje kan sonen greie å stoppe tapsrekka ved kamp nummer 8 til helga?

Varfjell 200
2000: Berga plassen trass 7 strake tap
Det endte med nedrykk med knappast mogleg margin i 1986, men kanskje kan Alexander Connor & Co finne trøyst i følgande fakta: Så seint som i 2000 sto Vestnes Varfjell med eit fattig poeng etter 9 kampar i 3. divisjon, mellom anna etter ei tapsrekke på 7 kampar. Det snudde med seier 4-2 borte mot Rival i 10. serierunde. Så vann laget også dei to neste og avanserte seinare til 9. plass og berga plassen i divisjonen. Både i 1978 og 1979 tapte Varfjell dei fem første kampane i dåverande 4. divisjon, men berga seg begge åra.

Klubbrekorden for Varfjell og Vestnes Turn sett under eitt, skriv seg likevel frå sesongen 1961/62. I dåverande 4. divisjon (lågaste divisjon) tapte Vestnes Turn og IL 10 kampar på rad frå seriestart. Først på vårparten 1962 kom det første poenget, då laget greidde 2-2 borte mot Vågstranda. Dette var den såkalla "maratonserien" som vart spelt frå hausten 1961 til hausten 1962 då norsk fotball gjekk over frå å spele haust-vår til å spele vår-haust.