Jubel etter seier mot Ekko/Aureosen i fjor. (Foto: Asbjørn Vik)
Ikkje med: VVIL 2
Fotballkretsen har sett opp dei to avdelingane i 5. divsjon. Vestnes Varfjell 2 er ikkje mellom dei 17 påmelde laga. Avdelingsvinnarane rykker opp i 4. divisjon, medan dei svakare laga må kjempe for å unngå nedrykk. På kretstinget kjem det nemleg forslag om å innføre 6. divisjon igjen. Slik blir 5. divisjon 2010:


Vestnes Varfjell 2 sleit med å gjennomføre sesongen i fjor og interessa for å vere med på B-laget har ikkje auka i løpet av vinteren. At A-laget spelar i 4. divisjon, der det lov med 7 innbyttarar, vil dessutan gje meir speletid også for nestbeste enn tilfellet var då laget var i 3. divisjon.

Dei andre Vestnes-laga, Fiksdal/Rekdal og Tomrefjord, har hamna i avdeling 2 saman med Bryn, Eidsvåg 2, Ekko/Aureosen, Meek, Midsund 2, Molde 4 og Rival 2.

Avdeling 1 består av 7 lag frå Nordmøre pluss Hjelset-Kleive frå Romsdal. Dei andre laga er Eide, Gry/Kårvåg/Havørn/AK2, Kvass/Ulvungen 2/Søya/Todalen, Nordlandet, Smøla og Øksendal.

Det betyr at i tillegg til Vestnes Varfjell 2 er lag som Batnfjord, Bjørset, Måndalen 2, Sunndal 2 og Frei borte sidan i fjor, medan Åndalsnes 2 likevel ikkje blir med slik kretsen først meldte. Midsund 2 er einaste nye lag.

På kretstinget som startar i Molde 19. februar er ei av sakene oppstart av 6. divisjon att frå 2011. Dette har samanheng med forslaget om å spisse 3. divisjon, som vil bety at 6 lag rykker ned frå 3. divisjon og 7 lag rykker ned frå 4. divisjon i år. Spørsmålet blir likevel om det er nok lag til å fordele på to divisjonar. Med årets påmelding lagt til grunn vil det gje 12 lag i ny 5. divisjon og berre 10 lag att i ein eventuelt ny 6. divisjon i 2011. Med andre ord må 6. divisjon dermed spelast som ei avdeling for heile Nordmøre/Romsdal noko som vil gje lengre reiser for laga. Les meir om kretstinget her>>