I ein kamp i 4. divisjon søndag har Træff 2 slått Kristiansund FK 3-1 heime på det nye kunstgraset på Reknesbanen. Træff 2, som har forsterka laget sitt med mange nye spelarar i sommar, var klart betre enne gjestane frå Kristiansund og kunne lett ha vunne med fleire mål. Moldelaget var fysisk overlegne mot lette teknikarar frå KFK. Træff 2 held dermed avstanden på to poeng opp til Vestnes Varfjell, men kan ikkje rykke opp med mindre førstelaget gjer det same i 3. divisjon. Ned til KFK er det no sju poeng. Andre kampar. 4. divisjon. Dahle 2 - MFK 3 0-2, Sunndal 2 - Midsund 3-3. 3. divisjon: Måndalen - Rival 1-5.
Merk at Vestnes Varfjell skal møte både Træff 2 og KFK på bortebane i serieinnspurten. Kampen mot Træff 2 er ein hengekamp som blir spelt måndag på Reknesbanen 29. september, helga etter går turen til Gressbanen og møte med KFK. Først ventar Midsund borte, også det ein tøff kamp.