Ole Olsen var trenar for Ole Gunnar Solskjær i Clausenengen. No gjer han comeback som trenar for rekruttane i Kristiansund BK, skriv Tidens Krav. Det betyr at han blir sentral rundt 4.-divisjonslaget KFK 2.
Øystein Sletvold var ifølge lokalfotball-bloggen ikkje ønska vidare som trenar i Rival. No tar han i staden over ei rolle i det nyopprykka 2.-divisjonslaget Træff i andre enden av byen.
Dit kan han få med seg midstoppar Kristoffer Moen, skriv lokalfotballen.blogg.no
Kristiansund FK har tilsett Bjørn Christian Larsen som ny trenar. Han var i fjor i Clausenengen, og har også vore i breiddeavdelinga i MFK. Nordmøres eldste fotballklubb spelar sine kampar på Gressbanen. No kan det bli Kunstgressbanen for framtida. Klubben vurderer nemleg å legge plastgras, uavhenging om det blir noko stadionsamarbeid med KBK. Les meir i TK.
Meir frå ballbyen: Toppskåraren i 4. divisjon i år, Jøran Sandøy, held fram i Dahle etter ei stund i tenkeboksen. Årets seriemeister er ute etter forsterkingar frå dei andre laga i byen, mellom anna ein duo frå KFK, skriv klubben på sine nettsider.
Åndalsnes IF er igang med 2012-sesongen, og klubben melder på sine nettsider at dei er på jakt etter forsterkingar. "ÅIF har seks-sju nye aktuelle spillere fra begge sider av Romsdalsfjorden på
"blokka" som det jobbes med", skriv ÅIF her.
Sunndal er ute etter Eidsvågs Eirik Ranheim. Han var innom Sunndal også i fjorm, men var då ein del skada, skriv TK. Det var som kjent overgangen til Ranheim som kosta Sunndal to poeng i trekk i år.
Tingvoll er ny i divisjonen saman med Tomrefjord. Tomrefjord skreiv dette etter at opprykket var klart, medan Tingvoll vart omtalt på denne måten i Tidens Krav.
Har du nytt frå 4. divisjon? Tips oss på epost: