Frei FK har ifølge Tidens Krav trekt laget sitt frå neste års 4. divisjon. Årsaken skal vere mannskapsmangel. Elnesvågen, som tapte mot Åndalsnes i kvalifiseringa, står først i køa til å overta plassen, men ifølge Rbnett er det ikkje sikkert dei ønskjer det. I så fall blir plassen tildelt Eidsvåg. Eidsvåg, som vart sist i 4. divisjon med berre eitt poeng denne sesonge, skal ifølge Driva ikkje ha gitt fornya tillitt til spelande trenar Arnt Erik Brakstad. Samtidig skal fleire av dei mest erfarne spelarane i klubben - ha sagt nei til å vere med vidare. Elles er den store nyheiten frå 4. divisjon denne veka at tidlegare Strømsgodset- og Aalesund-spelar Lasse Olsen skal trener AK. Han skal pendle frå Ålesund. 41-åringen vil også spele for AK, og dermed kan hans signatur - dei lange saltoinnkasta - bli å sjå på lokale fotballbaner. TK har snakka med alle laga på Nordmøre, der Hans Moe held fram i Eide, Torgeir Ruud Ramsli i Sunndal og Steinar Veiset i KFK, medan Surnadal ikkje har ny trenar på plass. I helga kom også oppsettet for neste års 3. divisjon. Her er laga frå Møre og Romsdal sett opp i pulje med lag frå Oslo.