Dahle sikra opprykket.
I kveld kan me gratulere Dahle med opprykk til 3. divisjon. Seriemeisteskapet vart sikra etter seier 1-0 i "seriefinalen" mot Molde 3 torsdag kveld. Kritiansunderane måtte ha eitt poeng for å vere sikra opprykk ein runde før slutt. Sidan korkje Molde 3 eller Åndalsnes rykka opp frå 4. divisjon, kan heller ikkje MFK 5 eller Isfjorden/ÅIF 2 rykke opp frå 5. divisjon og kvalikplassen frå avdeling 3 går til 3.-plasserte Tomrefjord. Dei skal møte Bud og Tingvoll i kamp om to opprykksplassar.