Ankeutvalet i Norges fotballforbund har avslått anken frå Averøykameratene i saka der Træff 2 brukte ein ikkje speleberettiga spelar i 0-0-kampen i august, skriv Tidens Krav. AK må dermed slå følge med nettopp Træff 2 og Sunndal ned i 4. divisjon. Avslaget er grunngjeve med at protesten vart levert inn for seint - to månader etter at kampen var spelt - og at det ikkje føreligg særlege vilkår for å ta opp saka i ettertid. Fristen er normalt 24 timar. AK meinte regelverket var uklart fordi det her i kretsen er lov å bruke to spelarar som starte forrige kamp på høgare rangert lag. Træff 2 har vedgått brotet på regelverket som er berre eitt av fleire med lag frå kretsen involvert. Tidlegare har Åndalsnes fått tilkjent poenga fordi CFK/KBK 3 brukte for mange førstelagsspelarar, og no er det også avdekka at KBK 2 har gjort det same i 3. divisjon, les me også i Tidens Krav. Avklaringa rundt anken frå AK betyr også at det no er endeleg klart at det blir Frei som får møte nummer to i 5. divisjon, Nordlandet, i kampen om den siste plassen i 4. divisjon 2015. Kampane skal spelast onsdag 5. og laurdag 8. november. Frei har heimekamp sist.