Begge dei to tetlaga i 4. divisjon sikra seg tre poeng mot Sunndal 2 måndag. Gry/AK 2 fekk sine poeng ved å vinne 9-2 på Sunndalsøra, Åndalsnes fekk sine tre frå kretskontoret fordi Sunndal 2 ikkje kunne stille lag forrige fredag. Også Midsund har sikra seg tre poeng utan å spele. Dei får resultatet 3-0 og 3 poeng frå kampen der Dahle 2 ikkje kunne stille. Oppdatert tabell >> Kampen i Sunndal gjer også runde 16 i resultatippinga komplett her på varfjell.no med Ronald Brastad som rundevinnar. Heile lista>>

 

Frå før har KFK fått tre poeng fordi Sunndal 2 ikkje stilte til ein kamp og Bud fordi Rival 2 ikkje stilte. Dermed er fire kampar i årets 4. divisjon avgjort på kretskontoret, noko som er fire for mykje etter vår meining. Det er kjekkast når kampane kan avgjerast på bana.